Konstellasjoner, 2021

Ingunn Bakke - «Konstellasjonar» i Sogn og Fjordane kunstmuseum 1.7. - 12.9.2021

Ingunn Bakke - «Konstellasjonar» i Sogn og Fjordane kunstmuseum 1.7. - 12.9.2021

 
 

Ein iransk tradisjon er å gje eit knytt teppe i presang til det nyfødde barnet. Teppet er i bruk gjennom heile livet, og vert ein viktig bruksgjenstand i familielivet og samfunnet. På teppet utfaldar livet seg frå vogge til grav, mellom jorda og kosmos. Dette var til inspirasjon for Ingunn Bakke i skapinga av vegginstallasjonane: Konstellasjon, Flygande teppe og Fragment.

Det starta med ei reise til Iran for å studere gamle persiske mønster. Mange av dei mest avanserte og komplekse mønstera i verda finn du i islamsk kultur. I oldtida førte silkevegane kunnskap, idear og varer frå Persarriket til Europa og knytte aust og vest saman. Påverknaden på europeisk kunst og kultur har vore enorm. I 2017 reiste Bakke langs silkevegar etter kunnskap og inspirasjon, og gjorde funna om i sitt formspråk.

  

Konstellasjon betyr stjernebilde, mønster av stjerner, og er i nær slekt med ordet komposisjon. Bakke set saman mønstermodular, i dette arbeidet mot det ornamentale. Ornament som rein geometrisk, abstrakt form er kjent frå islamsk kunst og arkitektur og var overalt å sjå i palass og moskear.
Flygande teppe, eit persisk eventyr, var emne i eit samarbeidsprosjekt med to iranske kunstnarar som seinare inviterte Bakke til Iran. Tittelen spelar på Persia, poesien, det metafysiske og vandringa av uttrykk frå Austens kultur til vår.  

Fragment er ein ny konstellasjon av lausrivne delar frå dei to andre.  

Utstillinga ho viser er konstruksjonar av mønster, i store format og interaksjon mellom mønsterflater. Modular er teikna og utvikla på dataskjermen, overførte på trematerialet MDF, laserkutta og handmåla. Mønstera er det visuelle bildet av algoritmen i databehandling - og matematikk. I den islamske religionen er matematikk ei opphøgd ferdigheit og uttrykker guddomlege sanningar. Slik viser utstillinga på fleire måtar samansmelting av ein svært gamal og ein heilt ny kultur.  

Ingunn Bakke (f. 1966 Sande i Sfj.) bur i Oslo. Utdanna frå Institutt for tekstil ved Statens håndverk- og kunstindustriskole, no del av Khio, der ho i dag arbeider som verkstadmeister. Ho har stilt ut på separat- og gruppeutstillingar i inn- og utland, og kjøpt inn av m.a. Nasjonalmuseet, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Vestlandske Kunstindustrimuseum (KODE).

 
Previous
Previous

Voggesong, 2009